Vraka Herrens Ord - vraka av Herren.

Fra Misarepta.no/
I serien "Ettertanke" av Johannes Kleppa.

"Dei, som har vraka Herrens ord, og difor er vraka av Herren som hans tenarar, skal også vi vraka på den måten, at vi ikkje lyttar til deira forkynning og rettleiing, fordi denne er falsk og forførande." 

Då Israelsfolket bad om å få ein konge, slik andre folk hadde, gav Gud dei Saul, sjølv om det var imot Herrens vilje.

Profeten Samuel, som salva Saul til konge, formante både folket og kongen til å halda seg til Herrens ord, men dei veik av frå Herrens vilje. Saul tok seg til rette på det åndelege området på ein måte, som var i strid med det, som var openberra ved Samuel.

Kongen føretok ofring, sjølv om det ikkje var hans oppgåve, og han unnlet å fullføra Herrens bannlysing over Amalekittane. På bakgrunn av denne ulydnaden sa Samuel til Saul: «Fordi du har vraka Herrens ord, har Herren vraka deg, så du ikkje skal vera konge.» (1 Sam 15:23)

Herren kunne ikkje bruka Saul i si teneste, fordi han avveik frå Herrens vilje og gjorde imot Herrens Ord. Han fylgde sitt eige skjønn, framfor å halda seg til openberringa frå Gud.

Dette er en fare, som gjeld oss alle, som står i Herrens teneste, og det som skjedde med Saul er difor til formaning og lærdom for oss. Det, Saul gjorde, var nok ikkje meint som opprør mot Gud, men det vart gjort i beste vilje. Det var likevel feil, fordi han i røynda overprøvde Herrens ord og vilje. Han sett si eiga fornuft over openberringa frå Herren.

Dette skjer i stor grad i dagens kyrkjeliv. Vi ser stadig i Norsk Kristenliv, at eigne vurderingar og kjensler vert sette over Guds Ord. I teologiske spørgsmål, som gjeld frelse og fortaping, etikk og samliv, hevdar ein meiningar og lever i samsvar med det, som oppfattast rett og fornuftig i samtida, men som er i strid med openberringa i Guds Ord.

Dei, som slik vrakar Herrens Ord, vert av Herren vraka som Hans tenarar – anten dei er lekfolk eller teologar, om dei er «vanlege» Kristne eller har leiarposisjonar, om dei ber tittel Prest, Biskop, professor eller kva som helst.

Dei, som har vraka Herrens Ord, og difor er vraka av Herren som Hans tenarar, skal også vi vraka på den måten, at vi ikkje lyttar til deira forkynning og rettleiing, fordi denne er falsk og forførande.

Samstundes skal vi vakta vår eigen stig, slik at vi ikkje går oss inn på vegar i strid med Herrens Ord, og sjølve vert vraka av Herren.