Hvorfor findes der et Helvede?

Fra Facebook.
23. februar 2014.
Av Ivar Fjeld.

Dette er eit godt spørsmål, som krev eit godt svar.
Helvete er ein konsekvens av engelen Lucifer (Satan) sitt opprør i Himmelen. Lucifer prøvde seg på statskupp og ville ta over trona til Gud. Som følgje av kuppforsøket vart Lucifer kasta ut av himmelen, saman med ein tredjedelen av englane, alle som var med på opprøret. Denne mørke englehæren har alt fått dommen. På slutten av denne tidsalder, skal dei kastast i eldsjøen, ein plass som Jesus Messias også omtaler som Helvete.

Kvifor blir menneske kasta i eldsjøen?
Satan ynskjer å hemne seg på Gud, og ynskjer å påføre Herren eit stort tap. Det gjer han best ved å dra med seg så mange sjeler som mogeleg til denne endestasjonen. Ved å lure menneske til å avvise Gud sine lovar og påbod, oppnår djevelen det han ynskjer. Menneske som lar seg lure til å avvise Gud, plasserer seg under den same domen som Satan alt har fått.

Kva er løysinga?
Jesus Messias har gjeve menneske ein fri vilje. Vi kan lytte til evangeliet, og vi kan akseptere at vi er fortapt og treng å bli redda. Vi kan berre bli redda ved å overgje liva våre til Jesus, og ta i mot nåden som strøymer mot oss frå krossen. Eller vi kan avvise dei gode nyhendene om at Jesus har betalt for syndene, og tok den straffa vi alle fortener. Ta vi ikkje i mot nåden, så får vi heller ikkje oppleve nåde.

Bibelen er tydeleg på at valet vi gjer vil få alvorlege konsekvensar. Jesus er Herre over liv og død. Jesus kjem attende som domar.

Matt 25: 41:
" Så skal han seia til dei på venstre sida: ‘Gå bort frå meg, de som er forbanna, til den evige elden som er gjord i stand for djevelen og englane hans."

Openbaringsboka: 20:10:
" Og djevelen, som hadde forført dei, vart kasta i sjøen med eld og svovel, der dyret og den falske profeten er. Der skal dei pinast dag og natt i all æve."
----------------------------------------------------------------------------------------------------------
Der pågår i øjeblikket en heftig debat om Helvede i Norge.